Fellestur Flateland - Nipen

Fellestur

Dato
8. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Bli med Kviteseid Turlag på fellestur søndag 8. september 2019 kl. 10:00. 
Sted: Høydalsmo/Støylsdalen.

Turen starter ved Flateland i Støylsdalen. Vi går på skogsveg,forholdsvis bratt oppover, tek av mot Nærstøyl og vinklar så inn på sti. Denne fylgjer vi over til Røynstøyl og kjem deretter inn på merka sti. Her går vi oppover i ei blanding av gamal skog og små myrar. Terrenget opnar seg etterkvart opp før vi endar på Nipen.

Dersom forholda ligg til rette for det, blir heimturen lagt vestover mot Tjørnstøyl og Fjellstøynuten, over Sleamyrane, til vi møter skogsveg att. Denne fylgjer vi til hovedveg ved Dalheim, der vi køyrer tilbake til Flatland.

Turen er ca 6 km, og vi reknar med å bruke ca 3-4 timar totalt.

Oppmøte Vegkroa ved Circle K i Høydalsmo kl. 10.00 for samkjøring.

Velkommen på tur!