Sveinsheii med Kviteseid Turlag

Fellestur

Dato
22. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Bli med Kviteseid turlag til Sveinsheii.

Sundag 22 september kan du bli med Kviteseid turlag og turleiar Jon Ingebretsen til Kviteseid kommunes høgaste topp.

Frammøte er ved Joker – Vrådal kl. 10.00 for samkøyring vidare. For dei det passar for kan ein møte direkte ved Foldsæ kl 10.30.
Turen startar i Røyningdalen innanfor Foldsæ, og går i jamt stigande terreng på umerka stig opp på Valevassberget , vidare langs Heimre Valevatn og opp dalen til Svanestøyl. Herifrå er det relativt bratt stigning opp til toppen på Sveinsheii. Fyrste del av turen går i opent skogsterreng, medan det meste av turen går i fjellterreng.

Det blir vurdert å gå ein annan stad på tilbaketuren.

Dette er ein heildagstur. Ein må kle seg etter forholda, turklær og godt fottøy, og bra med mat og drikke.