Mjøltenuten med Vinje Turlag

Fellestur

Dato
28. august kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Topptur
Arrangører
Vinje Turlag, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Flott topptur til 1124 moh, med storslagen utsikt!

Oppmøte ved høgaste punktet på Fjellvegen over Kvambekkheii kl 12.00. Me fylgjer sti i ope terreng, ein del stigning. Noko vått/myrlendt, ha på vasstette sko eller støvlar. Kan ofte blåse på toppen, vindtett jakke er lurt.

Heile turen er om lag 3,9 km, total stigning 150-160 m. Vi går i roleg sundagsturtempo, og reknar med å bruke rundt tre timar inkludert småpauser. Ha gjerne med litt drikke og noko godt i lommene.

Turen passar for alle som orkar å gå litt motbakke. Ingen påmelding.

Obs! Fjellvegen er bomveg, betaling via SMS-teneste. Oppmodar til samkøyring!