Tradisjonsrike sommarskiturar på Haukelifjell

Fellestur

Fra dato
5. juni kl. 08:00
Til dato
7. juni
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark

NB - denne turen vil kunne utgå grunnet korona.

Frå blømande og sommarlege låglands-Telemark til relativt snørike Haukelifjell, med godt  vår- og sommarskiføre på sine stader, solvarme berg og blømande lyngrabbar. Og lengre inne fasinerande snøkatedralar, islagte vatn og lasurblå og grøne vasspyttar oppå vindpakka snø under bratte, mørke og solvarme bergveggar.

Dette og meire til kan ein få med seg på årets sommarskiturar på Haukelifjell, melder turansvarleg i Kviteseid turlag i DNT Telemark, Jon Ingebretsen.

Dei tradisjonsrike sommarskiturane  i år er  laurdag 6. og sundag 7. juni.   Frammøte er ved Haukeliseter fjellstue kl. 09.00 om morgonen begge dagar. Eventuelt kan ein møte opp på same stad fredag kveld for å få litt informasjon om turplanane. Deltakarane bestiller sjølve opphald med mat og overnatting, t.d. på Haukeliseter, om det er behov for det. Vær tidleg ute pga stor pågang på fjellstua på denne tida. På grunn av litt mindre snø enn normalt på denne tida, blir turane lagt til dei mest snørike stadene. Klassikerturen til Hardangerviddas høgaste topp, Sandfloeggi, eventuelt om Nupsfonn og Nupseggi,  kan vera ein aktuell tur på laurdagen dersom snøforholda er gode nok i starten av turen. I motsatt fall vil truleg turen gå frå Dyrskar og vestover den snørike Middyrdalen med  moglegheiter for å gå opp på Stavsnuten, og vidare vestover etterpå og ei meir nordleg rute tilbake. For dei som ønsker det, blir det lagt opp til ein kortare tur. På sundag vil fjellområdet Sveigen  opp frå Dyrskar eller Veslenup frå Ulevå vera aktuelle alternativ. Turane må tilpassast vær- og snøforholda, og deltakaranes føresetnader, og kan måtte endrast.   Det varierar med snømengdene   i  området så seint som i juni, og ein må derfor rekne med noko skibæring i starten av turane. Men Haukelifjell har alltid bydd på snø nok til å gjennomføre desse sommarskiturane, som i år blir arrangert for 30. gong. Ein sender rutinemessig iflg. avtale  melding til Fylkesmennene i Hordaland og Telemark om turane, fordi dei for ein del skal gå i Hardangervidda nasjonalpark.  Desse områda er relativt konfliktfrie i forhold til villreinen på denne tida, m.a. fordi simlene er på kalvingsplassane andre stader på vidda. Sjølvsagt kan små bukkeflokkar halde seg i området, men vi har råka på reinsbukkar bare ein gong i alle dei åra vi har hatt turar her. Insektplagene har ikkje byrja så tidleg, og det er helst seinare på gloheite sommardagar at reinsdyra trekker inn i desse snørike og kjølegare traktene.

Påmelding til DNT Telemark tlf  35 53 25 55 eller e-post telemark@dnt.no

innan onsdag 3. juni
Annan info Jon Ingebretsen tlf 481 01 435       e-post: jo-i@online.no

Turpenger: kr. 300,- pr tur for ikkje DNT-medlemmer, kr. 200,- pr tur for medlemmer.