Sommartur til Kvambekkheia

Fellestur

Dato
7. juni kl. 12:00 - 15:00
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Barnasturlag
Arrangører
Barnas Turlag Seljord, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Me byrjar så smått med litt aktivitetar att i Barnas turlag!

I juni tenker me å gå ein lett tur i skogen frå Bøle hyttefelt på Kvambekkheia i Åmotsdal, Seljord. Ca 45 min roleg gange kvar veg i ein runde. Omtrent halvvegs stoppar me for ei god pause og et medbrakt mat og drikke. Ta med niste og godt med drikke, sitteunderlag, kle dykk etter veret og ha på gode sko (vanntette fjellsko eller støvlar). Me fyrer i bålpanna.

Pga koronatida me framleis er i, må me ta nokre ekstra omsyn;
- alle deltakarar må vere friske
- 1 meter avstand mellom deltakarar som ikkje er nærkontakter
- best å unngå samkøyring med andre enn nærkontakter (det er god plass til parkering der me startar). Men samkøyring er OK i større bilar der 1 m avstand er mogleg.
- god handhygiene - ta gjerne med handdesinfeksjon
Meir detaljert informasjon vil bli lagt ut her nokre dagar i forkant.

NB PÅMELDINGSTUR!! Send sms med namn og alder på deltakarar til Mirjam (tlf 41228937). Ring om du lurar på noko.
Velkomne!
Me gler kånn til reise på tur saman att!

Kontaktinformasjon:

  • Mirjam
  • Tlf. 41228937