Fjellskitur til Berhomfjellet på Skafsåheii

Fellestur

Dato
21. mars kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Vinter, Ski, Turkatalog2021_Topptur, Turkatalog2021_Dagstur
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark

Sundag 21. mars kan du bli med på skitur i nytt og spennande fjellterreng for dei fleste.

Frammøte er ved Joker – Vrådal 09.00, i Krossli 09.30 eller ved Hallbjønn høyfjellssenter ved fylkesveg 45 kl 10.30.

Vi går opp alpinbakken ved Hallbjønnsekken og i småkupert , jamt stigande terreng bortrover ryggen mot Berhomfjellet. Det er flott utsikt mot Spafjell og Urdnosi i nord, Setesdalsheiane i vest, Draumenuten, Napuren og Høgsetet i sør, og langt i aust ser ein den langstrakte ryggen på sjølvaste Gaustatoppen. Vi går ei litt annan rute tilbake.

Turen, som er ein halvdagstur, går i hovudsak utanom preparerte løyper. Derfor er fjellski med stålkantar å foretrekke. Mat, drikke og ekstra klær må ein ha med i tursekken.

Turleiar er Jon Ingebretsen, som også kan gje meir informasjon på tlf 481 01 435.

Det er påmelding på e-post (jo-i@online.no) eller som SMS til turleiaren innan 19. mars.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jon Ingebretsen