Bli med Kviteseid Turlag på tur til Kollingan!

Fellestur

Dato
12. juni kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Vi møtast ved Joker Vrådal og samkøyrer opp vegen til Veneli. Vi starter fra Bendiksmyr og kan velje om vi vil legge turen over Venelifjell, eller følge merka tursti rundt til Tjørnstaul. Herifrå vil turen opp til toppen gå i terreng utan sti, og er delvis nokså bratt. Vi går mest i lav vegetasjon med snaufjell/svaer.
Denne delen av turen vil gå innom den gamle stigen som gikk frå Tjørnstaul til Kollingan.
Turen krev godt fottøy, og gode klede, då det kan være kaldt på toppen.
Dette er ein tur for deg som liker å gå litt lenger, litt brattare, og litt meir krevjande enn til vanleg.

Oppmøte: Joker Vrådal
Avgang:    Kl. 09.30
Lengde og varighet: ca. 12 km, 4,5 timer + pausar
Ta med: Ekstra klær i sekken. Mat og drikke for dagen. 

Påmelding: Innan laurdag kveld 11/06 via Facebook-sida til Kviteseid Turlag eller pr. SMS til turleiar Jan Gunnar Haugen 911 20248.
NB: Av omsyn til tryggleik må vi krevje påmelding, og det blir ikkje mogleg å bare dukke opp søndagen.

Fotografering: Turar i regi av Kviteseid Turlag er offentlige og opne for alle. Det kan bli teke bileter på turane til bruk i sosiale medier eller andre medier. Dersom du ikkje ynskjer dette, må du sjølv gi beskjed til turleiar og fotografen om dette.

Hund på tur: Skal du ha med hunden din må den være i band og under kontroll under heile turen.

Vilkår for deltaking på fellesturar:
Når du melder deg på denne turen stadfestar du at du har lest og akseptert vilkåra som er beskrivne i våre generelle vilkår: Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT

Velkommen på tur!

Kontaktinformasjon: