Heildagstur til Kviteseid kommune sitt høgaste punkt, Sveinsheii 1142 m.o.h. Dette fjellområdet sør for Vråvatn og mellom Nisser og Veum i Fyresdal er eit lite brukt område der Roan er den mest kjente fjelltoppen i vest, og Hægefjell i aust. Kjenneteikn for området er blankskurde fjellsider med mange småvatn, fjellfuruskog og myr.
Vi startar frå Skree, ved Vråvatn. Den fyrste stigninga følger bratt slepe og sti. Turen vidare går i kupert høgfjellsterreng utan sti.
Turen krev godt fottøy, og gode klede, då det kan være kaldt på toppen.
Turleiar: Jan G. Haugen
Kjentmann: Birger Svela
Oppmøte: Parkeringa ved fotballbanen i Vrådal, samkjøring vidare
Avgang: Kl. 09.00
Lengde og varighet: ca. 12 km, dette er ein krevjande tur på 7-8 timar
Ta med: Ekstra klær i sekken. Mat og drikke for dagen.
Påmelding: Innan laurdag kveld 27/08 via Facebook-sida til Kviteseid Turlag eller pr. SMS til turleiar Jan Gunnar Haugen 911 20248.
Pris: Ingen (dette er en gratis fellestur i regi av Kviteseid Turlag)
Fotografering: Turar i regi av Kviteseid Turlag er offentlige og opne for alle. Det kan bli teke bileter på turane til bruk i sosiale media eller andre media. Dersom du ikkje ynskjer dette, må du sjølv gi beskjed til turleiar og fotografen om dette.
Hund på tur: Skal du ha med hunden din må den være i band og under kontroll under heile turen.
Vilkår for deltaking på fellesturar:
Når du melder deg på denne turen stadfestar du at du har lest og akseptert vilkåra som er beskrivne i våre generelle vilkår: Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT
Velkommen på tur!