17. mai-feiring på Gaustatoppen

Foto: Tor Gunnar Brekke

Fjellheimen møtte dei omlag 100 deltakarane på 17. mai-turen til Gaustatoppen med vind frå nordvest, snøføyke og attblåst bilveg mellom Flistjønnskaret og Stavsro, der frammøtestaden var.

Mredan sola skein frå ein knallblå maihimmel og skyene dreiv rundt toppen, la skitoget, med turleiar Jon Ingebretsen i spissen, i veg med hurrarop og vaiande flagg, og til vakre trompettonar av Mildrid Wastling.

Motvinden svidde i kjakene og skiføret var hardt og skarete i maikulda, slik at det beste var å halde på i jamn fart mot toppen, som etter kvart låg meir og meir bada i vårsola.

Nysnøføret blei betre, temperaturen steig og vinden løya til nærare toppen ein kom.

Da skitoget skulle posere den siste biten opp mot Gaustahytta, fanga opp av NRK si kameralinse og mikrofon for direktesendt TV, var stemninga på topp i turgjengen. Og stemninga blei ikkje mindre når vertinne Vilde varta opp med 17. mai-kake, vaflar og kaffi inne i den varme hytta.

Og enda meire 17. mai-stemning blei det da trompettonane ljoma i fjellheimen, og når leikane med sekkeløp, potetløp og styltegåing gjekk av stabelen for fyrste gong på Telemarks tak.

- Å feire nasjonaldagen vår i snøkvitt maifjell er noko heilt spesielt og symbolsk, når ein veit at det meste av landet vårt er fjell, og serleg på Gaustatoppen , der ein ser ein sjettepart av fedrelandet. Jon Ingebretsen