Hørt om Friluftslivets brannvernplakat?                                                                                                         

Foto: Monica Hägglund langen

Det er ferietid, og med det mange som nyttar tida til turar i skog og fjell, og godt er det. Det er nå totalt bålforbud i utmark og innmark, med mindre ein har meldt frå og fått løyve frå kommunalt brannvesen.

Tekst: Jon Ingebretsen, turleiar og natur- og miljøkoordinator  i DNT Telemark

Det beste er likevel at ein brukar sunn fornuft, og etter beste evne vurderar om forholda er slik at det er potensiell brannfare. Det kan vera like stor brannfare både før og etter forbudsperioden som innanfor desse datoane, avhengig av kor tørt det er, om det er vindstille eller vind, og kor ein befinn seg, i snørikt vinterfjell eller i forlengst snøfrie låglandsstrøk.

Men før det kjem ein del regn etter langvarig forsommartørke her austafjells, så hugs på følgjande, fordi det er stor fare for gras-, lyng- og skogbrann nå, sjølv om det har kome nokre lokale regnbyger:

  • Ikkje fyr opp båli skog og mark korkje på bakken, på faste bålplassar eller i eventuelle bålpanner. I høgfjellet, der det er snørestar att og fuktig og våt mark, bortsett frå på avblåste lyngrabbar,kan du dersom du har ved, med stor varsemd lage bål.
  • Stormkjøkken og liknande kokeinnretningar skal du unngå å bruke, unntatt i høgfjellet.
  • Eingongsgrill bør vera bannlyst over alt blant skikkelege friluftsfolk, både av brannvern- og miljøomsyn.
  • Vis omsyn og ver svært omtenksam og forsiktig når du tar deg ein røyk i skog og mark.
  • Gåstavar med metallpiggar skal du bruke med omtanke, fordi metallpiggar mot stein kan lage gneistar som lett kan antenne i svært tørr skogbotn.
  • Når du går i bratt og hellande terreng med mykje laus stein, så pass på så du ikkje løsnar stein som trillar nedover. Også det kan lage gneistar som kan føre til ulmebrann i skogbotnen.
  • Når du parkerar bilen eller eventueltandre motorkøyretøy der turen startar, så pass på at du ikkje set han der det er tørt gras og lyng. Motorvarmen kan føre til at det tar til å brenne.
  • Og motorisert ferdsel i utmark veit du som friluftsmenneske at er forbudt til alle årstider. Unnataket er serskilde løyve.Og nå er det spesielt viktig å overhalde dette forbudet eller begrense køyringa på grunn av brannfaren.
  • Inga form for søppel må du leggje att i naturen. Og glasflasker og glasbrot kan føre til sjølvantenning.

Overalt i skog og mark må du vise desse omsyna, og serleg i område med mykje tørt gras og lyng og gamalt hogstavfall.

I tillegg kan små gneistar blusse opp til kraftig brann i vindfullt ver.

Likevel, god tur med omsyn og omtanke !


For mer info: tlf 481 01 435