Ny naturbok til jul!

Den nye boka til Jon Ingebretsen, turleder i Kviteseid Turlag, kjem til jul. Kanskje dette blir julas lektyre eller gåve til noen du er glad i? Les Ingebretsens beskrivelse av den flotte naturboka her. 

Tekst: Jon Ingebretsen

Boka er den tredje i serien «Naturen og eg», og den sjuande boka mi totalt. Denne boka, med tittelen «Naturen og eg – bilder og tekstar frå vandring og oppleving», er eit streiftog i eit utval av bilder og korte tekstar frå dei mange flotte naturområda frå fjord til fjell der eg har vandra aleine eller saman med andre som turleiar eller turkamerat.

Boka inneheld bilder og omtaler frå Romsdalsfjella i nord til Sørlandskysten i sør, frå Vestvidda og Røldalsfjella i vest til Femundsmarka og Blefjell i aust. Men likevel er nok dei fleste bilda og forteljingane frå Vest-Telemark.

Denne boka, som truleg er den siste, er ein hyllest til den naturen som eg er så glad i og som har betydd så mykje for meg og forma meg som menneske, og ein takk til alle dei hyggelege menneska som har følgd meg på dei mange turane og utstråla turglede.

Beretningar i form av ei mengde bilder med historiar til frå eit langt liv i naturen har ført til ei omfangsrik bok på omlag 500 sider. Der måtte eg setje grensa, sjølv om eg gjerne kunne ha putta på ytterlegare 500 nye sider.

- Boka er på ein måte naturen og eg sitt «testamente» til menneska, og serleg til dei som finn glede, oppleving og helsebot i naturen, og som tek ansvar for å bevare han og bruke han på ein berekraftig måte. Kanskje boka kan inspirere enda fleire til nettopp dette.

Skrevet av Kristin Laue Næspe 13. desember 2018