Bli med Kviteseid Turlag og Barnas Turlag Kviteseid på tur i 2019

Foto: Leif Weltzin

I 2019 skjer det mye gøy med Kvitesied Turlag og Barnas Turlag Kviteseid! Les om det som rører seg her.

Tekst: Roger Løfgren

Vi hadde ope møte på Hvidesø kafe, der vi først orientera om turane vi skal ha i 2019. Det er 3 Skiturar og 6 Fotturar. I tillegg har Barnas Turlag Kviteseid fleire turar saman med Barnas Turlag Seljord. Det er 2 Kom deg ut-dagar som er for heile landet også. 1 i februar og 1 i september.

Sjå annonser og på Facebook for turane.

Turlaget har i år nytta en DNT SjekkUT app på 20 forskjellige stader i Kviteseid kommune, for at turfolk kan bli kjent i kommunen. Det er 3 Turlister her som er 5 Kvardagsturar, 5 Turboturar (familieturar) og 10 Toppturar.

DNT SjekkUT er Din digitale turpostkasse. Appen er gratis og tilgjengeleg i Appstore og Google Play. Du treng ikkje å vera medlem.

  • Her kan du sjekke inn digitalt på turposten med mobiltelefonen din.
  • Sjå kor mange og kva turpostar du har sjekka inn på.
  • Ta eit bilde av deg sjølv på turpostenog dele på sosiale mediar.
  • Signere den digitale gjesteboka for kvar turpost.
  • Sjå kart som visar kvar du er og turpostane i nærleiken.

I 2018 var DNT 150 år, slik at Kviteseid Turlag hadde ein hovedpremie som var ein el-sykkel. Sykkelen vart sponsa noko av Espen Ruud som driv  sportsbutikk i Vrådal.

I tillegg hadde vi premiar til kvar av dei 20 turpostane. El-sykkel var trekt ut av dei som hadde registrert 5 Turbo- eller 5 Kvardags- eller 5 Topp- turar + dei som var med på Fellesturane.

Det vil også bli premiering på kvar Turpost også neste år.

Den heldige vinnar av El-sykkel vart Marianne Eikeland. Gratulerer!

Turlaget vil ynskje alle god jul og eit godt nyttår.

Foto: Roger Løfgren

Skrevet av Katrine Tellsgård 14. desember 2018