Hanakamjuvet med Barnas Turlag Seljord

Barnas turlag i Seljord hadde ein fin, fin tur til Hanakamjuvet sundag 14. juni. Sola skinte, og det blei ein koseleg tur langs den gamle ridevegen i Kivledalen. 

Undervegs var det moro å kaste stein i elva, sjå på fossen, og høyre om Kivlemøyane og andre lokale historiar. Ungane måtte bruke augene godt for å finne ting å krysse av på turbingoarket, og ved fossen var det stopp med Kims leik. Ved enden av vegen var det godt med ein kvil og matpause, før nye aktivitetar, leik og moro. Tusen takk til alle 30 som møtte opp, og var med på at det blei ein fin, fin tur!

Tekst og foto: Helen R. Svartdal