Tradisjonsrik sommarskitur på sitt beste!

Knallfint ver, med sol frå nesten skyfri himmel, varmt og vindstille. Uvanleg mykje snø, bra skiføre, ingen rasfare, sjølvsagt is- og snødekte vatn og lite opne elver og bekkar.

 Tekst: Jon Ingebretsen

Foto: Tor Gunnar Brekke

18 glade, spreke og nøgde deltakarar på laurdag med på langturen til Sandfloeggi (Hardangerviddas høgste topp), og nokre få enda sprekare mannfolk som i tillegg la turen over Nupsfonn og Nupseggi på vegen tilbake. Og på sundag 9 deltakarar i same gode sinnstilstand som la turen opp brattlia frå Middyrdalen til Verjesteinsnuten, ned på andre sida til Nupsreet (vasskiljet mellom aust og vest), fram Nupsdalen til utgangspunktet ved Piparsteinen. Også denne gongen nokre turglade folk som heldt turen fram frå Nupsreet, over Viddas nest høgste topp utan namn vest for Nupsfonn, over fonna og via Trollnup til Ulevå. «Heldigvis» såg me ikkje korkje reinssimler med kalvar eller bukkar og heller ikkje rjupekull på nokon av turane, bare to nyfikne rjupesteggar nord for Nupsfonn.

Dette er status etter nok ein vellukka sommarskitur, denne gongen siste helga i juni, i motsetnad til det vanlege, fyrste junihega. Og trass i dette, meir snø enn nokon gong tidlegare. Dette er mellom 30. og 40. gongen underteikna har vore med på og leia desse tradisjonsrike skiturane som Telemark Turistforening starta med for så mange år sidan. Nå har Vinje turlag overteke som arrangør, og dei har gledeleg nok ambisjon om å føre tradisjonen vidare, og underteikna blir med enten som turleiar eller deltakar så lenge han orkar i følgje med dei jamt over yngre deltakarane.

- Det blir sikkert fleire skiturar på Haukelifjell, til langt ut i august, denne sommaren. 25. august på ski frå Dyrskard til Sandfloeggi er rekorden så langt.