Kviteseid – ein Friluftslivets år-kommune

I følgje tilbakemeldingar frå Friluftsrådenes landsforbund og Norsk Friluftsliv (tidlegare FRIFO), er det bare 5 av Telemarks 18 kommunar som har gjort vedtak om å vera ein friluftslivkommune, etter invitasjon frå Klima- og miljødepartementet. I Vest-Telemark gjeld dette Kviteseid og Seljord.
I Kviteseid gjekk kommunestyret samrøystes inn for å melde inn kommunen som friluftskommune, etter ein interpellasjon frå underskrivne. Og her er kommunen godt i gang med å innfri vilkåra for å kome med i konkurransen om å bli årets friluftslivkommune i sjølvaste Friluftslivets år.
I godt samarbeid med friluftsorganisasjonar som Kviteseid turlag, Kviteseid jeger- og fiskarforening og idrettslag med friluftslivtilbod, er merksemda på friluftsliv og fysisk aktivitet stor både i barnehage, skule og generelt blant befolkninga. To populære
turstiar i flotte naturområde er opna dei to siste åra. I fjor blei friluftslivsuksessen Veneli turområde ferdigstilt og opna, og i år har Kviteseid turlag fullført nok ein turveg og tursti, med namnet Fossøy natur- og kultursti, som er eit typisk nærmiljøtiltak i Vrådal. I tillegg har turlaget produsert ein heilt ajourført turkartfoldar. Fleire turstiprosjekt rundt om i kommunen vil dessutan bli ferdige dette året. Også i kommunens bulystprosjekt, Kviteseid i framtida, er turvegar i lokalmiljøa eit satsingsområde, ut frå eit opplevings-, trivsels- og folkehelseperspektiv.
Friluftslivets år 2015 blei offisielt opna
av ordførar Torstein Tveito i januar med fakkeltog og samling på øyperla Fossøy, og ikkje minst er ordførarens tur gjennomført til det området kommunen tidlegare peika ut til sitt mest attraktive friluftsområde, nemleg Veneli turområde i Vrådal.
Og på ettersommaren eller hausten vil friluftsorganisasjonane og representantar frå kommunen samle seg rundt bålet for å samrå seg om kva meir ein kan gjere vidare for at Kviteseid kommune skal bli ein pilotkommune innan friluftsliv med godt omdøme, trivsel og folkehelse som noko av målsetjinga.
Kommunepolitiker
Leiar i Kviteseid Turlag