På ski i sommarfjellet

Alle foto: Tor Gunnar Brekke

Uansett om det er lite eller mykje snø, fottursesongen er i gang i fjellet. Det synest å vera årstida og datoen som bestemmere dette, og ikkje snømengdene. 

Det er nemleg uvanleg mykje snø att i   vestlege deler av  høgfjellet, men fotturistane stampar seg likevel fram i snøen så best dei kan langs dei merkte stiane, der dei raude Tane ennå ligg godt gøymd under snøen. Det er tungt og tidkrevjande å ta seg fram til fots i blaut og laus sommarsnø.

Derfor – finn fram dei smørefrie skia og dra til høgfjellet på fine skiturar i staden, enten korte eller lange dagsturar eller langt vest i fjellet frå hytte til hytte. Men planlegg turen nøye, store elver og bekkar er nå etter kvart blitt opne, sjølv om isen ennå er trygg å gå på høgliggjande tjønnar og vatn.

Og snøen er fast og vindpakka med eit bløtt styrelag på toppen, m.a.o. godt og stabilt skiføre. Og så går det så mykje lettare og fortare enn til fots. Derfor – la forholda bestemme turvalget, og ikkje datoen.

Gaustatoppen  og austlege fjelltrakter er definitivt fotturistens domene nå, men når det gjeld Haukelifjell, kan ein fortsatt spenne på seg skia ved vegkanten på sine bestemte stader, og gå så langt ein vil og kan på begge sider av bilvegen over fjellet. T.d. på Sveigen på sørsida av gamlevegen gjennom Dyrskard med utgangspunkt der. Eller frå Nupshalline så  langt ein kan køyre gamlevegen langs Ulevåvatnet. Der kan ein gå inn Nupsdalen til Nupsreet, og så velgje vest for Nupsfonn via Nordvestpassasjen til Sandfloeggi (lang dagstur) eller opp på Nupsfonn til Nupseggi (kortare dagstur), eller ein kombinasjon av begge deler.

Inn Middyrdalen frå Ulevåbotnen, og så lenger inne enten opp på Stavsnuten på sørsida eller Verjesteinsnuten på nordsida. Moglegheitene er m.a.o. mange, men finn fram  turkartet, finn namn på stadene, og planlegg turen ut frå det.

Vis omsyn til villreinen og rjupa og anna dyreliv, og pass opp for hengeskavlar og ope vatn.

God sommarskitur til langt ut i august.

Helsing

Jon Ingebretsen – turkoordinator Telemark Turistforening

Skrevet av Henriette Hack 20. juli 2015