Værgudane redda Gaustadagen

Fra venstre: Varaordfører Tinn kommune Sanja Pasovic, Leder av Gaustatoppen turisthytte Jorunn Karlberg Tveiten, Skuespiller Jeanne Bøe, Mr Gaustatoppen Jon Ingebretsen og ordfører fra Hjartdal kommune Bengt Halvard Odden.
Fra venstre: Varaordfører Tinn kommune Sanja Pasovic, Leder av Gaustatoppen turisthytte Jorunn Karlberg Tveiten, Skuespiller Jeanne Bøe, Mr Gaustatoppen Jon Ingebretsen og ordfører fra Hjartdal kommune Bengt Halvard Odden. Foto: Gro Knutsen

Ei sommarsol som varma godt frå nesten skyfri himmel og ein høg temperatur som ikkje er «kvardagskost» på Gaustatoppen, var ramma rundt Gaustadagen 29. juni med landets høgast beliggande utescene godt plassert på den flotte hellelagte plassen på austsida av turisthytta i ly for vestavinden.

Skrevet av Jon Ingebretsen. 

Programmet blei opna med lurblåsing, og turfolket satt tett i tett i steinamfiet frå scenekanten og opp mot tårnet da varaordførar i Tinn, Sanja Pasovic, hyttevertinne Jorunn Karlberg Tveiten og initiativtakar og koordinator for Gaustadagen, Jon Ingebretsen, i tur og orden ønska vel møtt til Tinn kommune, til Gaustatoppen turisthytte med DNTs sommaropning av fjellet og til Gaustadagen, og ikkje minst til Gaustatoppen med Jon Ingebretsens lyriske hylling til dette fjellet, som han kallar naturens gave til turfolket.

Bengt Halvard Odden, ordførar i Hjartdal kommune, helsa Gaustadagen frå kommunen på solsida av Gaustaområdet, som han så stolt sa det. Deretter presentera Jon Ingebretsen Gaustatoppen i eit urtidsgeologisk perspektiv, som forklarte kvifor denne toppen er Telemarks høgaste fjell. Denne millionar av år lange historia gjorde han unna på 10 minuttar ved å peike på dei mest avgjerande epokene frå urtida til i dag. Han avslutta ved å mane til varsom og bærekraftig omgang med denne toppen som sjølvaste fjelljuvelen i Telemark.

Og så kuliminera heile arrangementet med ei mektig fyrstegongs forestilling av skodespelar og Ibsenkjennar, Jeanne Bøe, i vakker bunad, der ho på ein imponerande og fengslande måte fekk fram Ibsens forhold til fjellet, med utgangspunkt i Peer Gynt og Bukkerittet over Gjendineggen og Ibsens 60 vers lange dikt «På viddene, der ordet friluftsliv for fyrste gong er nemd i littelær samanheng i eit av versa.

Musikar Sarah Nagell krydra forestillinga med vakker song og musikalske tonar på hardingfele og seljefløyte. Til slutt var det framføring av nokre utvalde vers frå diktet «På viddene», og ein fjellquiz, der fyrstepremien var gratis to-dagars opphald på Gaustahytta .

Til slutt runda Jon Ingebretsen det heile av med å ønske turfolket ein fin dag vidare, god tur ned frå fjellet og ikkje minst velkomen til ein ny Gaustadag neste år.

Skrevet av Martine Laukelid 4. juli 2019