Våt tur til Kollingane

Foto: Nenne Straand


Kviteseid turlag hadde fellestur til dei spesielle fjelltoppane Kollingane i Vrådal sundag 11. august.


Tekst: Jon Ingebretsen

Etter mykje regn dei siste dagane, var det vått og vassfullt i terrenget. Og når det regna jamt og trutt også på sundag, gjorde ikkje det forholda betre. Men fem deltakarar og to hundar trassa regnvær og tåke og kom til topps og heimatt relativt dyvåte, men likevel blide og nøgde med turen, slik sporty turfolk alltid er. Takk til veglaget som opna bommen slik at me kunne køyre heilt til Vrålsli, utgangspunktet for fotturen.

Skrevet av Katrine Tellsgård 13. august 2019