Nå åpner Langto tur- og aktivitetsområde i Vrådal

Flott gapahuk til bruk for alle besøkende ved Langto tur- og aktivitetsområde.
Flott gapahuk til bruk for alle besøkende ved Langto tur- og aktivitetsområde. Foto: Vegard Snaunes

Langto tur- og aktivitetsområde i Vrådal
opnar laurdag 31. august

Tekst: Jon Ingebretsen

I ettermiddagen denne dagen klypper ordførar Tarjei Gjelstad snora ved gapahuken i Øvre Langto,

og markerar med det at området nå er klar til bruk med tursti og gapahuk.

Representantar frå DNT Telemark kjem for å stadfeste at tiltaket er realisert med DNT-profil.

Kviteseid turlag og Barnas turlag i Kviteseid ønsker alle interesserte, små og store, velkomen til opninga. Da kan ein møte opp på parkeringsplassen ved fotballbanen i Vrådal. Herfrå gjeng turen til fots opp til Langto, der ein også vil få ei kort orientering om tiltaket.

Det er lurt å kle seg etter forholda og ta med litt mat og drikke.

Frammøte: Parkering ved fotballbanen kl. 16.00. Derfrå går turen til Langto.

Skrevet av Katrine Tellsgård 23. august 2019