Nå er Langto tur- og
aktivitetsområde åpent

Foto: Johanne Fjesme Nakrem

Omlag 50 personar, barn, foreldre, besteforeldre og andre, møtte opp da Langto tur- og aktivitetsområde i Vrådal skulle opnast laurdag 31. august

Tekst: Jon Ingebretsen

Værgudane smilte omkapp med arrangøren og dei frammøtte da leiar i Kviteseid turlag, Einar Søreide ønskte vel møtt og administrator og koordinator for tiltaket i Langto, Jon Ingebretsen, presenterte arbeidet med prosjektet frå start til mål. Dette er eksempel på eit tiltak i beste DNT-ånd: Frå ide til røyndom basert på dugnad der idealisme og engasjement ligg bak og er drivkrefter, sa han. Deretter trakk han fram at ideen til tilbakeflytt vrådøl og småbarnsfar, Vegard Snaunes, hadde blitt røyndom ut frå dette. Vegard, saman med gode kameratar, har nemleg stått for bygginga av den flotte gapahuken, som eit sentralt element og samlingsstad i dette veleigna friluftsområdet.

Ingebretsen ga vidare ros til grunneigar Sveinung Kjellemo som heile tida har vore imøtekomen og positiv til tiltaket, etter at fleire lokaliseringar har vore vurdert.

Han minna om at materialer kostar pengar, men at dugnad, som prosjektet var basert på, er kostnadsfritt. Derfor retta han også ein takk til Frilufts- og miljøfondet for Arendaksvassdraget, administrert av Kviteseid kommune og Sparebanken Sør for økonomisk støtte, og til Byggi Skreosen for gunstig pris på byggematerialer.

Forankra i styrevedtak i turlaget og med grunnlag i det som nå er nemd, er årsaka til at me nå kan opne dette flotte og sentrumsnære området med gapahuk og tursti, sa han til slutt.

Deretter fekk ordførar Tarjei Gjelstad æra og gleda av å opne området formelt. Ordføraren rosa tiltaket og dei som har fått dette til, og understreka kor viktig turar og annan fysisk aktivitet er ikkje minst for folkehelsa.

Representantar frå DNT Telemark gjesta opninga og hadde med seg beviset på at dette er eit tiltak i beste DNT-ånd. Deretter blei DNT-emblemet og Barnas turlag-logoen med Turbo festa på gapahuken.

Tilslutt var det premiering av naturstien som Natalie Skipar saman med bestefaren sin hadde stelt i stand.

Det høyrer også med til historia at Vegard Snaunes og Glenn Straand saman med barna sine tok gapahuken i bruk ved å overnatte der natt til sundag som lekk i «Kom deg ut-dagen» og «Natt i naturen».

Flott gapahuk og bålpanne til bruk for alle besøkende.
Flott gapahuk og bålpanne til bruk for alle besøkende. Foto: Vegard Snaunes
Vakre turområder i nærheten av tur- og aktivitetsområdet.
Vakre turområder i nærheten av tur- og aktivitetsområdet. Foto: Vegard Snaunes

Skrevet av Katrine Tellsgård 1. september 2019