Til topps på Lifjell

Frå venstre Gunleik Skogsfjord, Flatdal, Laila Andersen, Skien, Bjarne Møller, Skien, Knut Liestøl, Flatdal og Margit Helga Thoen, Bø. Foto: Jon Ingebretsen

Røysdalsnuten er høgaste toppen på seljordsida av Lifjell. Derfor var det naturleg å velgje dette fjellet som turmål når Telemark Turistforening skulle ha sin såkalla «kommunetur» i Seljord sundag 2. august.

 «Kommuneturane» er ein lekk i prosjektet «På tur i heile Telemark», med minst ein tur i kvar av dei 18 telemarkskommunane i løpet av ein tursesong, som med stor suksess og med lovord frå DNT blei tatt initiativet til og starta i det førre Friluftslivets år i 2005. Initiativtakar var Jon Ingebretsen, som også har vore turleiar på alle desse turane opp gjennom åra, i alt 196 turar. (To turar står att i dette året, til Vindeggen den 16. august og til Nupseggi den 4. oktober, begge turane høvesvis før og etter reinsjakta). Turane har samla alt i frå heile 75 deltakarar på den harde og lange turen til Fliseggi til bare 5 på turen til Røysdalsnuten denne gongen. Turen starta frå Grimås og inn mot Tjorbu  i litt kjøleg og skiftande ver med sol og regnbyger og torever.. Men oppklaringa og godveret kom som bestilt på turen opp til Røysdalsnuten og vidare frametter Tjorbufjellet til Grimaren og nedatt til Grimås for dei fem nøgde og spreke deltakarane frå Skien, Bø og Seljord, som ein ser på bildet på toppen av Røysdalsnuten med mellom anna Gaustatoppen i bakgrunnen.

Foto: Laila Andersen