Flott avslutningstur mot solnedgangen!

Sprek gjeng på Sveinsheii.
Sprek gjeng på Sveinsheii. Foto: Gunn Åse Johannessen

Tilsaman 12 spreke deltakarar, flest jenter, og fire hundar møtte opp i Vrådal og på Foldsæ for å vera med på årets siste fellestur til fots i Kviteseid turlag.

Tekst: Jon Ingebretsen, turleiar

Turen gjekk på noko myrlendt sti og i stilaust terreng til høgaste fjellet i Kviteseid kommune, Sveinsheii (1141 moh) som ein rundtur med utgangspunkt i Røyningdalen innanfor Foldsæ i Fyresdal. I det relativt tunge terrenget med mykje myr og fjellbjørkekjerr, spesielt på tilbaketuren, blei det ein langdrug tur som avslutningsvis gjekk mot ein vakker solnedgang.

Men stemninga var på topp blant humørfylte turfolk og sola skein frå ein skyfri himmel i det uvanlege varme og nesten vindstille septemberværet.

Kviteseid turlag «pakkar saman» for denne tursesongen, og er i ferd med å planlegge nye og spennande turar på ski og til fots for neste år. Samtidig minner me om at turtilboda «På tur i Kviteseid» går sin gang ennå ei stund utover hausten. Desse finn ein mellom anna på kommunens heimeside. Så ikkje legg fjellskoa «på hylla» og ta fram skia rektig ennå.

Skrevet av Katrine Tellsgård 24. september 2019