Referat fra årets sommerskitur

Foto: Halvor Brekke

Hvert år arrangerer Kviteseid Turlag sommerskiturer på Haukelifjell. Så godt som hvert år blir dette en stor suksess. I år var intet unntak. 

Tekst: Jon Ingebretsen, turleder

Frå blømande og sommarlege låglands-Telemark til relativt snørike Haukelifjell, med rikeleg og godt sommarskiføre, solvarme berg og bare lyngrabbar. Og lengre inne fasinerande snøkatedralar, islagte vatn og lasurblå og grøne vasspyttar oppå vindpakka snø under bratte, mørke og solvarme bergveggar ofte med inponerande hengeskavlar på toppen. Og frå lettskya vær til ei varmande sol frå knallblå og skyfri himmel, saman med svalande vind til vindstille vær som inviterte til sommarleg låglandsantrekk.

Dette og meire til fekk deltakarane med seg på årets sommarskiturar på Haukelifjell, melder turansvarleg i Kviteseid turlag i DNT Telemark, Jon Ingebretsen.


Den klassiske langturen til Hardangerviddas høgaste topp, Sandfloeggi, gjekk etter planen med ei uvanleg jamn turgruppe på 14 personar på laurdagen, og med Atle Bakken og Olav Holta som stødige turleiarar. Sundagens skitur gjekk til den markerte toppen, Verjesteinsnuten saman med dei same turleiarane, men med ei mindre gruppe. Tre turjenter som ikkje var påmeldte gjekk saman med Jon til Nupseggi på supert føre og strålande vær.

Konklusjon: Nok ein gong to vellukka sommarskiturdagar på vakre Haukelifjell, som absolutt freistar til gjentaking neste sommar.