Digital tur til Hestenutane

Foto: Hans Inge Hagen

Bli med på ein digital tur oppe i Hestenutane på Nord-Skorve i Seljord.

Tekst, film og foto: Hans Inge Hagen.

Det er mange vegar opp til dette spennande landskapet. Denne turen gjeng fra Kivledalen. Litt oppafor krysset til Hanakamjuvet, ligg ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen med plass til 6-8 bilar. Du startar turen her og gjeng etter stigen til du kjem til Skorvestaulen Høna. Her er det verd å ta ein pust i bakken og nyte utsikten over Seljordvatnet.

Videre, så gjeng ein rett opp på kullen og følger eggen bortetter. For du skal nå gå på framsida Hestenutane mot Sundsbarmvatnet. Her er det fin utsikt både ned til vatnet og inn mot Finndalen og nutane. Ein fortsetter så langt ein vil og gjerne om det tyske flyvraket langt mot Jaspisfjellet.

Om ein har flyvraket som mål, så kan ein runde der og gå nedover meir midt i Hestenutane. Ein kan gå litt der ein måtte ønske. Fine sauetråkk og stier mange stader. Og det er greit å gå i lyngen, også.

Tar du turen oppom "Tulla" så får du sett ein artig topp med plass til eit telt på grasbakke. Ruslar du nedover vil du tilslutt havne på Finndalstaulen att (eller tufene av den). Ein gjeng så ned Finndalen til Høna, og du er da inne på samme sport som du kom opp.

Totalt må ein beregne heile dagen på denne turen.
Du gjeng bortimot 20 km med 1200 høgdemeter.

Alternative startpunkt kan være frå Mandal og Stav. Eller, fra Gjuvland og Speikland i Flatdal.

God tur!

Foto: Hans Inge Hagen