Godt friluftsår i Kviteseid!

Kviteseid Turlag og Kviteseid kommune kan sjå tilbake på eit godt og aktivt år for tur- og friluftslivet i Friluftslivets år 2015.

Turlaget har gjennomført mange fellesturar og andre aktivitetar og arrangement både med god og mindre god deltaking. Og mange nye turar og aktivitetar er planlagt i 2016. Men fyrst og fremst er det på tilretteleggingssida det er gjort ein stor og viktig jobb det siste året. Suksessen med Veneli turområde i Vrådal starta i 2014, da planen blei gjennomført og området opna. Dette året blei turområdet svært mykje besøkt både av lokale og langvegsfarande turgåarar, og fekk allereie da eit godt omdøme. Og i år har besøkstalet nådd nye høgder, noko som bekreftar at dette er eit godt døme på korleis det på ein god og planmessig måte kan bli tilrettelagt for friluftslivet. Dette gjorde at også Kviteseid kommune kom på banen og kåra Veneli turområde til kommunens mest attraktive friluftsområde.

Friluftslivets år- kommune.

Og kommunen følgde opp med å ta mål av seg til å bli ein Friluftslivets år-kommune, noko so m førde med seg at ei rekke kriteria måtte bli etterlevd og mange vilkår måtte oppfyllast. Friluftslivets år blei offisielt opna, ordførarens tur blei gjennomført og samlinga rundt bålet på haustpaten blei ei god samtale mellom politikarar, friluftsorganisasjonar og andre interesserte om kva  som er gjort og kva ein kan gjera vidare i fellesskap for å etterleve intensjonen med friluftsåret. Som Friluftslivets år-kommune måtte ein i det heile dokumentere at det blir gjort mykje godt arbeid på mange felt innan friluftsliv som i sin tur fremjar naturforståing og folkehelse, med andre ord å praktisere ein framtidsretta friluftspolitikk.

Dette gjeld mellom anna dei universelt utforma turvegane som blir arbeidd med både i Kviteseidbyen, i Morgedal og i Vrådal, og likeeins den gamle ferdselsvegen over Heia mellom Vrådal og Kviteseid.

Foto: Laila Andersen
Tur til Røysdalsnuten med Jon Ingebretsen
Tur til Røysdalsnuten med Jon Ingebretsen Foto: Laila Andersen

Vellukka samarbeidsprosjekt.

I løpet av året er det også blitt fullført og opna ein natur- og kultursti frå Straumsnes oppvekstsenter som endar som ein rundtur på Fossøy i Vrådal, der det frå før er golfbane og hytter. Denne har kome i stand som eit godt samarbeid mellom grunneigaren på Fossøy, Vrådal slusemuseum, Kviteseid kommune, Telemark Skogselskap og turlaget, og er døme på eit vellukka samarbeidsprosjekt, der Kviteseid turlag er prosjekteigar. Her ligg det føre kommunale planar om turvegen kan starte heilt frå Vrådal sentrum, langs ny gang- og sykkelveg  og ut til Straumsnes, kor nåverande natur- og kultursti held fram.

Fleire turstiar.

Vidare har turlaget i løpet av året ferdigstilt godt rydda, merka og skilta turtiar både til Heivatn- Brokefjellområdet i Kviteseid og til Austre Roholtfjell i Vrådal, i samsvar med avtale med alle aktuelle grunneigarar. Og neste år følgjer ein opp med tilrettelegging av to turstiar til attraktive toppar i Fjågesund. Alle desse stiane er og vil bli merkte og skilta i tråd med DNT og Innovativ fjellturisme sin merkestandard. 

Årets vest-tele.

Kviteseid Turlag er ein blant dei mange personar og organisasjonar som blei nominera som «Årets vest-tele i 2015» etter innspel frå lesarar og andre gjennom Vest-Telemark blad. Dette gjer oss og våre samarbeidspartar og støttespelarar glade og stolte.

Kviteseid Turlag

Jon Ingebretsen

Leiar

Skrevet av Henriette Hack 22. desember 2015