Vergudane stoppa «Kom deg ut-dagen» i Kviteseid

Speilblanke vegar, mildver og regn gjorde det uframkomeleg til Breidalsheii, der Kom deg ut-dagen til Kviteseid turlag og Barnas turlag var planlagt.
Arrangementet blei derfor i siste lita flytt til Lundevallsgrenda med grendehuset der som base. Men da regnveret heldt fram utetter dagen, og ikkje freista til aktivitetar ute i den våte snøen, var det bare ein handfull arrangørar som møtte opp på grendehuset, mellom dei to jenter frå administrasjonen i Telemark turistforening. Med andre ord gjekk dagen bokstaveleg tala «i vasken» denne gongen, og blei meir ein «Kom deg inn-dag» enn det motsatte.