Fiskelykke på Kom deg ut-dagen

50 store og små trassa regnver, glatte vegar og overvatn på isen og blei med på pilkedagen på Gjevarvatn! 

Stor takk til ungdomsgruppa i Seljord Jakt- og Fiskelag som var med oss, ga gode råd, lånte ut utstyr, og som hadde tilrettelagt alt så vel med både brøyting, boring og mating av hol i isen i forkant. Nygrilla pølser og saft smaka godt på tur i ruskever, og varmen frå bålpanna var god å stå inntil etter ei økt på isen. Mange flinke pilkarar fekk med seg sjølvfiska fangst heim. Takk for ein fin dag til alle saman!

Skrevet av Hanne Findal 10. februar 2016