Friluftslivets brannvernplakat

Det fine, stabile, og varme forsommarveret for tida  gjev deg sikkert lyst og glede til friluftsliv og turar  i skog og  mark, sjølv om sjø og badeliv også freistar mange meire. I høgfjellet er det fortsatt mykje snø att, og glimrande forhold for skiturar. Her treng ein ikkje tenke på brannfaren, bortsett frå i snøfrie heiområde.

Men før det kjem ein god del regn, så hugs på følgjande, fordi det fortsatt er stor fare for gras-, lyng- og skogbrann i låglandet (det tar litt tid før væta frå regnet trekker ned i den tørre marka)

  • Ikkje fyr opp bål i skog og mark, som dessutan er ulovleg etter 15. april og fram til 15. september . I høgfjellet, der snøen ennå ligg, bortsett frå på avblåste lyngrabbar,  kan du dersom du har ved, med stor varsemd lage bål.
  • Stormkjøkken og liknande kokeinnretningar skal du unngå å bruke, unntatt i høgfjellet.
  • Eingongsgrill bør vera bannlyst over alt blant skikkelege friluftsfolk, både av brannvern- og miljøomsyn.
  • Vis omsyn og ver svært omtenksam og forsiktig når du tar deg ein røyk i skog og mark.
  • Gåstavar med metallpiggar skal du bruke med omtanke, fordi metallpiggar mot stein kan lage gneistar som lett kan antenne i svært tørr skogbotn.
  • Når du går i bratt og hellande terreng med mykje laus stein, så pass på så du ikkje løsnar stein som trillar nedover. Også det kan lage gneistar som kan føre til ulmebrann i skogbotnen.
  • Når du parkerar bilen eller eventuelt  andre motorkøyretøy der turen startar, så pass på at du ikkje set han der det er tørt gras og lyng. Motorvarmen kan føre til at det tar til å brenne.
  • Og motorisert ferdsel i utmark veit du som friluftsmenneske at er forbudt til alle årstider. Unnataket er serskilde løyve.  Og nå er det spesielt viktig å overhalde dette forbudet eller begrense køyringa på grunn av brannfaren.
  • Inga form for søppel må du leggje att i naturen. Og glasflasker og glasbrot kan føre til sjølvantenning.


Overalt i skog og mark må du vise desse omsyna, og serleg i område med mykje tørt gras og lyng og hogstavfall. I tillegg kan små gneistar blusse opp til kraftig brann i vindfullt ver.

Likevel, god tur med omsyn og omtanke !



Jon Ingebretsen

naturrettleiar – Norsk Naturskule

turleiar – Telemark Turistforening