Overnattingstur til Rønnomdalsvannet

Overnattingstur med DNT ung Gautefall
Overnattingstur med DNT ung Gautefall Foto: Gro Hagen

Fredag 18. november til laurdag 19. november var 14 ungdommar og tre vaksene på overnattingstur ved Rønnomdalsvannet. Alle møttast ved parkeringa og gjekk samla opp til Rønnomdalsvannet. Det var ein snill bestefar med firhjuling som kjørte opp lavvoen og mange av sekkane. Når me kom opp satt me opp lavvoen og åt medbrakt mat. På kvelden hadde me forskjellige morosamme leikar. Dei fleste gutane sov i gapahuken mens resten sov i lavvo.

På  natta synast mange det var litt kaldt og det blei nok ikkje like mykje søvn på alle. Nokre satt lenge oppe ved bålet å prata mens himmelen var stjerneklar. På laurdagen åt me frukost og varma oss på bålet. Etter frukost kunne dei som ville vere med å leike stolleiken med treer, capture the flag og taktikkspill. Til lunsj fekk me pannekaker som me stekte i panne på bålet. Dei smaka veldig godt. Det var moro å lage mat på bålet sjølv.


På fredagen var det sørpe og eit tynt lag med is på vatnet, men det hadde fryse til på laurdagen. Nokon måtte jo sjølvsagt teste isen, og det gjekk for det meste bra. Berre ein måtte gå med våte støvlar ned igjen. Me pakka saman og tok ned lavvoen. Det var ganske fint ver heile turen og det byrja å snø når me gjekk ned igjen. Nå me kom ned til parkeringa måtte alle vere med å dytte i to av bilane som hadde sette seg fast. Det var ein veldig fin tur!

Skrevet av Mikel Gonsholt 21. november 2016