17.mai suksess på Gaustatoppen

Trass i to utfordringar for årets tradisjonrike 17. maifeiring på Gaustatoppen, lite snø for skitur og lågtrykksaktivitet med gråvær og nedbør, redda ein seg  unna begge utfordringane, i stor grad takka vera værgudane.  Det blei akkurat snø nok for skitur til toppen og mellom to uværsdagar kom nasjonaldagen med varmt og fint og vindstille vær.

Dette visste tydelegvis folket å nytte seg av og gripe sjansen for ein bratt skitur på vårsnø opp Langefonn og feiring på toppen, der det lette tåkesløret etterkvart løyste seg opp til fordel for lettskya vær og solskinn.

Heile den lange og vekselvis snødekte og bare austsida av Gaustatoppen frå parkeringa ved Gaustabanen og opp til toppen var krydra av entusiastiske skiløyparar mot målet sitt på toppen. Omlag minst 3- 400 blide og fornøgde folk tok turen til topps, og ein kunne kvittere ut ein ny suksess for 17. mai-feiringa på Gaustatoppen med omsyn til værforhold og deltaking.

Som seg hør og bør prega mange bunadskledde folk nasjonaldagen, og gledeleg nok tok mange familiar og barn  del i turen og feiringa i år.

Gaustatoppen turisthytte med sitt bunadskledde og gjestfrie vertskap, med Jorunn og Ann Kristine i spissen, var pynta med flagg og bjørkelauv, og inne blei det bydd på både rjomegraut og spekemat, pølser i brød, vaflar og ikkje minst velsmakande 17. mai-kaker og kaffi. I ei fullsatt turisthytte fortalde initiativtakar og turleiar Jon Ingebretsen om bakgrunnen og formålet med å feire 17. mai i fjellheimen, og framførde tilslutt hyllingsdiktet sitt «Mitt fjell» til Gaustatoppen.

Ekstra hyggeleg var det at heile nasjonen kunne ta del i korte glimt på TV-skjermen  fra Gaustatoppen på nasjonaldagen i form av reportasjesnuttar og flotte bilder, takka vera NRK TV si direktesending.

Det viktigaste er likevel at folk finn glede og hygge og samhald og ei god meining i å feire nasjonens bursdag nettopp i pakt med naturen og fjellheimen i dette kjære fjellandet vårt langt mot nord, avslutta Jon Ingebretsen med i bodskapen sin til dei som var samla på toppen.

Kviteseid Turlag, DNT Telemark og Gaustatoppen Turisthytte i samarbeid med Jon Ingebretsen, var arrangørar av årets 17. mai på Gaustatoppen.

Turleder Jon Ingebretsen ledet toget trygt opp.
Turleder Jon Ingebretsen ledet toget trygt opp.

Skrevet av Mikel Gonsholt 18. mai 2017