Frå Vrådal til Gjendineggen

Foto: Einar Søreide

Dei som laurdag tok turen til tjernet like under toppen på Venelifjell, gløymde ei kort stund at dei var i Vrådal.

Med innlevelse tok skodespelaren Jeanne Bø dei nærare 40 turgåarane med på ein tur til Gjendineggen og til Peer Gynts rike. Jeanne Bøe frå Siljan er rundt i Telemark og har korte førestillingar der Peer Gynt sitt dramatiske liv står sentralt. Førstillinga er eit prosjekt i regi av  DNT-Telemark.

Venelifjell er eit svært populært turområde. Fleire som tok turen dit laurdag i godveret, fekk dermed seg med seg ein uventa teaterførestilling på vegen.

- Eit vellukka arrangement som folk sette pris på, er oppsummeringa frå Einar Søreide som er leiar i Kviteseid Turlag.

Skrevet av Henriette Hack 31. august 2020