Søndagstur til Synnøves sti

Fellestur

Dato
8. september kl. 11:00 - 15:00
Passer for
Alle
Arrangører
Vinje Turlag, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Dette er ein flott og ikkje så krevjande tur over Heidalsnutan via Dansarsteinen.

Oppmøte kl 11.00 ved parkeringa til Dansarsteinen, på Fjellvegen over Kvambekkheia (bomveg, kontant eller SMS-teneste).

Vi går fyrst til Dansarsteinen, 1,1 km, og tar så Synnøves sti vidare opp til topps og fylgjer høgdedraget over Heidalsnutan. Her går vi på god sti i idyllisk terreng, med små tjønner og utsikt i alle retningar. Høgaste punkt er på 1104 m.o.h. Stigen tar oss ned att til Fjellvegen der den har sitt høgaste punkt. Vi fylgjer så vegen ned att til parkeringa ved Dansarsteinen.

Heile turen er om lag 5,5 km. Det er og mogleg å parkere ein bil eller to på toppen av Fjellvegen, før oppmøte, for å korte ned turen og unngå dei siste 2 km langs vegen.

Du finn Fjellvegen og Heidalsnutan på kartblad 1514 II Åmotsdal.
Eller her: https://www.norgeskart.no/#!/?zoom=13&lon=119149.81&lat=6633650.82&project=norgeskart&layers=1002&sok=Dansarstein&markerLat=6633650.817980966&markerLon=119149.81495113898&panel=searchOptionsPanel