Åpning av Langto tur- og aktivitetsområde

Arrangement

Dato
31. august kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangører
Kviteseid Turlag, Barnas Turlag Kviteseid , DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Velkommen til offisiell åpning av Langto tur- og aktivitetsområde 31. august kl. 16.00!

Takka vere eit initiativ frå tilbakeflytt ung vrådøl med småbarnsfamilie, Vegard Snaunes, og positiv grunneigar, Sveinung Kjellemo, har Barnas turlag i Kviteseid i samarbeid med Kviteseid turlag lagt tilrette eit nytt tur- og aktivitetsområde eigna for barnefamiliar og andre og opent for alle.

På Øvre Langto, rett opp for Vrådal sentrum og Straumsnes oppvekstsenter, er det bygd ein flott gapahuk og merka ein lett tursti til utsiktspunktet Austgardnuten, der ein kan sjå det meste av bygda.

Ved gapahuken vil det bli ein open og fin samlings- og aktivitetsstad for naturglade barn og vaksne. Her har det allereie kome bålpanne og eldstad, som sjølvsagt bare må nyttast når det ikkje er brannfare i skog og mark. Bord og benkar er også på plass, og noko meir utstyr vil kome etter kvart som ein får erfaring med behov og ønske.

Parkeringa er ved fotballbanen i Vrådal like ved fylkesveg 38, og adkomst langs offentleg og privat veg til Nedre Langto ved kommunalt høgdebasseng for drikkevatn og ved vegbom.

Frå der er det skilta og blåmerka sti til området.