Kom deg ut-dagen: Seljord og Kviteseid

Arrangement

Dato
1. september kl. 12:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Komdegutdagen
Arrangører
DNT Telemark, Barnas Turlag Kviteseid , Barnas Turlag Seljord
Dette arrangementet er over!

Barnas Turlag i Seljord og Kviteseid inviterer med på triveleg staulebesøk på Kom-deg-ut-dagen fyrste sundag i september!
Me møtast kl 12.00 ved parkeringa før Kråkerroestaulen, like mot grensa til Vinje. Frå parkeringa gjeng me på grei veg (også for barnevogn) bort til staulen, ca 700 m. Om nokon treng bilskyss fram til staulen-gi beskjed på parkeringa til ein av oss frå turlaga med raud vest.

Framme på staulen møter de kyr, kalvar og hestar. Det blir òg ei eventyrstund for ungane med nokon frå Litteraturdagane i Vinje/Forteljingar i skogen.


Ta med mat og drikke, og campingstolar/sitjeunderlag. Dei som vil kan grille medbrakt mat på bålpanna, eller kjøpe noko mat på staulen (kaffe/brus, rjomegraut, lapper/vaflar, saupsuppe, betaling kontant eller med VIPPS.)


Kle dykk etter veret. Overrasking til ungane.
Me gler oss til ein hyggeleg dag - alle velkomne! Kjenner du nokon du kan invitere med? Køyr gjerne fleire saman.
Følg med på denne sida for evt oppdatering av informasjon.

Litt om staulen: "Kråkeroe ligger 900 moh på Møsstrond lengst nord i Seljord kommune. Staulsvollen har en spesielt fin beliggenhet mellom Veisvik-vatnet og Kråkeroe-tjønni.  På setervollen går vakre dyr i storslagen natur; telemarkskyr, NRF-kyr, kalvar og grisar. Her beiter kyrne godt, saftig fjellgras som gjev den beste, smakfulle og næringsrike mjølka."
Meir informasjon: https://www.facebook.com/pg/krakeroe/about/?ref=page_internal
https://www.visittelemark.no/seljord/informasjon/product-catch-all/krakeroe-staulen-p4513243

Finn fram:
Vel ein time å køyre frå Seljord. Følg vegen gjennom Åmotsdal mot Rauland, til høgre mot Skinnarbu/Rjukan ved Austbø, til høgre mot Kråkerroestaulen like før du ser Møsvatn. Parkeringa til Kråkeroe-staulen ligg langs Riksveg 37, mellom Vierli og Skinnarbu, ved garden Brattås. Parkeringsplassar er skilta.
Sjå lenke:
https://kart.1881.no?direction=%7b59.4898125813079%7c8.63593487059449%7cSeljord+kyrkje%2c+Seljord+(Kirke)%7d%7b59.73485907710089%7c8.247642517089846%7cKr%c3%a5keroi%2c+3841+Flatdal%7d

Kontaktinformasjon:

  • Mirjam Thorkildsen Schade
  • Tlf. 41228937