Roholtsfjell på langs

Fellestur

Dato
16. august kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark

Oppmøte ved Joker – Vrådal kl. 10.00.

Samkøyring med privatbilar (spleisetransport) eller busstransport mot betaling til Bekkekrokane på Sinnesheii.

Privat veg med bomavgift.

Turen startar i jamn stigning langs dårleg og ikkje køyrbar bilveg. På toppen av stigninga tar ein av i stilaust terreng til Høydalsnutane. Derifrå langs merka tursti på jamt stigande fjellrygg til Vestre Roholtsfjell (1018 moh). Etter kvilepause bratt ned i skaret mellom toppane til små og idyllliske tjønnar, truleg med badetemperatur. Deretter opp bratt og smal bergrygg til Austre Roholtsfjell. Alternativt under bergryggen på sørsida. Etter ny mat- og kvilepause, bratt ned lia etter DNT-merka sti til foten av fjellet. Vidare på same DNT-merka sti i lett terreng til Vrådal sentrum.

  • Det er fleire alternative ruter å gå i stilaust terreng og seinare på skogsbilveg til Vrådal sentrum.
  • Alternativa blir tatt stilling til etter deltakarane sine ønske.
  • Turen er ein heildagstur på omlag 6 timar. Ha derfor med bra med mat og drikke og klær og utstyr etter forholda. Mykje av turen går på berg. Ha derfor sko, helst fjellsko, med god såle.
  • Meir informasjon kan du få av turleiarane Espen Ruud og Jon Ingebretsen.

Påmelding på tlf 481| 01 435, e-post jo-i@online.no innan 14. augus