Kom deg ut-dagen: Kviteseid/Seljord

Arrangement

Dato
7. februar kl. 12:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Barn, Familie, Komdegutdagen
Arrangører
Barnas Turlag Kviteseid, Barnas Turlag Seljord , DNT Telemark , Morgedal IL

Barnas Turlag Kviteseid, i samarbeid med Morgedal IL og Barnas Turlag Seljord, invitererar ALLE små og store, to- og firbeinte til vinteraktivitetsdag på Morgedalstjønni. Ta med deg heile familien og KOM DEG UT sundag 7. februar!

Velkommen til ein dag ute med leik, moro og forhåpentlegvis mykje sno! Arrangementet er gratis og åpent for alle (men husk å melde deg på!). Det blir morosame aktivitetar for heile familien!

Arrangementet startar kl. 12:00, og avsluttast kl. 15:00.

Morgedalstjønni ligg ca. 150-200 meter frå innkjøringa inn til Morgedal. Her er det også mulig å koma seg fram med barnevogn og rullestol (i kva slags grad er noko avhengig av føreforhold). Sjå etter skilt og bannere fra Barnas Turlag. Parkering langs p-plass ved tjønni, evt. ved Skieventyret.

Ta med: Skøyter, ski og akeutstyr. Varme klede, nistepakke (gjerne noko ein kan grille) og ein god termos med varm drikke. All mat og drikke må medbringast sjølv. Turlaget stiller med varme grillar.

Har du spørsmål om arrangementet kan du kontakte arrangementansvarlig: Tone M. Heggtveit på telefon 977 41437, eller på e-post: toh-hen@online.no. Ein må melde seg på arrangementet, dette mtp. på smittesporing og kor mange me blir. Frist for påmelding er: Torsdag 04.02.2021.

Inviter med venner, familie og kjentfolk som er glad i å vera ute. Me håpar å sjå deg der😊