17. maifeiring på Gaustatoppen

Fellestur

Dato
17. mai kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Gaustatoppen, 17.Mai
Arrangører
DNT Telemark, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

 

 

Bli med til Gaustatoppen på 17. mai! 

 

Den tradisjonsrike skituren og feiringa av 17. mai på Gaustatoppen blir også i år. 

 

På grunn av at det var usikkert om fylkesveg  651 blir opna over fjellet til denne tida, og samtidig at dei som vil kan nytte Gaustabanen, blir frammøte og start på turen ved Gaustabanen  kl. 10.00. 

Turen vil gå den relativt bratte lia langs stikka trase til toppen. Derfor er ski med stålkantar og feller  det beste, men vanlege turski er også brukbart. Trug er også brukbart 

Det er stort sett snøfritt i toppområdet, og derfor mogleg å gå turen til fots. Alternativet er å gå på ski med litt skibæring fyrste delen av turen, og så skifte over til fjellsko, som ein kan ha med i tursekken. 

 

Gaustabanen går altså denne dagen, slik at dei som vil nytte seg av denne både opp og ned eller ein av vegane, har høve til det. 

 

På toppen er turisthytta pynta i 17. mai-skrud, og Jorunn og resten av vertskapet ønsker oss gjestfritt velkomen. 

Det blir samling og  enkle underhaldningsinnslag frå ca. kl. 12.00, som seg hør og bør på nasjonaldagen, ute eller inne i hytta avhengig av værforholda. 

 

Å feire nasjonaldagen til fjells i fjellandet vårt, og spesielt på «kongen» blant Telemarks vakre fjell, er ei stemningsfull og storslagen oppleving tett på mektige naturelement i det landet vi «elskar», seier initiativtakar og gaustatoppkjennar Jon Ingebretsen i DNT Telemark, som legg til at det er bare å møte opp utan påmelding med det norske flagget på tursekken og elles med det viktige og vanlege utstyret for fjellskitur. 

 

Informasjon:  

 

Gaustatoppen turisthytte tlf 990 06 006 

DNT Telemark                 tlf  35 53 25 55 

Jon Ingebretsen                tlf 481 01 435