Gaustadagen 2018 og sesongåpning av Gaustatoppen Turisthytte

Arrangement

Dato
23. juni 2018 kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Sommeråpning, Gaustadagen, Sesongåpning
Arrangører
DNT Telemark, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Gaustadagen 23. juni 2018 – for alle for 12. gong!

 

Den tradisjonsrike og årlege Gaustadagen har som føremål å setje pris på og hylle naturgåva Gaustatoppen med opplevingsrike toppturar og eit stemningsfullt  kulturprogram på toppen, landets høgstliggande og mest naturlege scene og kulissar – alt under mottoet NATUR – KULTUR – FOLKEHELSE.

Ansvarleg arrangør: DNT Telemark, i samarbeid med Gaustatoppen turisthytte.

Kontaktperson, initiativtakar og koordinator: Jon Ingebretsen tlf 481 01 435

 

Gaustadagen og Gaustatoppen turisthytte prisar midtsommaren med toppturar, kulturarrangement og sesomgopning av turisthytta laurdag 23. juni, når døgnet er på sitt ljosaste også på Telemarks høgaste fjell, truleg med flekkar av den kvite og ljose snøkåpa framleis på plass.

 

Tradisjonsrik natursti.

Familievenleg og interessant natursti frå Stavsroe parkering til toppen har vore fast innslag i alle år, også i år, med premiering på toppen, der premiane er eitt døgns gratis opphald på turisthyttene på Gaustatoppen, Kalhovd og Mogen.

 

Fleire turstiar.

Nytt av året er tips om at fleire fine, spennande og T-merka stiar kan gåast til topps, både med utgangspunkt ved Svineroi (lite parkering) og ikkje minst ved Selstali (parkering lengst bort frå setra). For å dokumentere at ein har gått ein av stiane, må ein vise bilde frå startstaden eller av spesielle element undervegs når ein er på toppen.  Da vil ein vera fortent til å få signert diplom inne i hytta.

 

Samarbeid med Gaustabanen.

Gaustabanen går i ordinær trafikk for folk som vil nytte seg av den, både opp og ned eller ein av vegane, og er i tillegg eit sikringstiltak for eventuelle uhell blant folk på toppen.

 

Ny samlingsstad.

Dei kulturelle innslaga blir i år på dei flotte hellelagte områda ved turisthytta, eller som ei intimsamling  inne i hytta, dersom været slår seg vrangt. Turisthytta er «magneten» for turfolket uansett, og her vil det gjestfrie vertskapet by på noko ekstra i samband med opninga for sommarsesongen.

 

 

FAKTABOKS:

 

Start på natursti frå Stavsroe kl. 09.00 – 10.30

Start på sti frå Selstali             kl. 08.30

Start på sti frå Svineroi           kl. 10.00

 

Kulturprogram ved hytta       kl. 12.00:

 

Kjetil Flatland og Anne Gravir Klykken – song og musikk

Jon Ingebretsen – historie og fjellyrikk

Premiering av natursti frå Stavsroe

Diplom til fjellvandrarar frå Selstali eller Svineroi

 

Inga påmelding – gratis arrangement