Skitursesongen er langt frå slutt !

Foto: Thor Christiansen

Sjølv om fuglane syng og orren spelar, kjempar fortsatt våren med vinteren om kven som skal setje preget sitt på naturstemninga nå i aprildagane.

I vintermånaden mars var det snømengdene og vinterkulda som hadde overtaket, men nå i april har så langt Kong Vinter også hatt eit ord med i laget, og delvis slått tilbake, i alle fall i fjellet, der snø og vinter fortsatt dominerar.

Det passar fint for gjennomføringa av turprogramma i DNT Telemark sine lokallag, der spennvidda i turtilboda er tilpassa årstidene og dei geografiske forskjellane i fylket vårt.

Fottursesongen  vil etter kvart vera i full gang i låglandstraktene nå frametter våren og forsommaren.

Men samtidig over ein månad fram i tid er det den gode tradisjonen tru 17. mai-tur til Gaustatoppen, med feiring av nasjonaldagen ved ei turisthytte pynta i 17. mai-skrud, og med eit gjestfritt vertskap som byd på godsaker som høyrer nasjonaldagen til. Og skiføre vil det vera i massevis, etter ein snørik vinter. Da det er usikkert om vegen vil vera open over fjellet til 17. mai i år, vil frammøte og start vera ved Gaustabanen.

Og ein halv månad seinare, nemleg fyrste helga i juni, er det dei tradisjonsrike sommarskiturane på Haukelifjell som står på planen, denne gongen med Kviteseid Turlag som arrangør. Med dei snørike forholda som er såpass langt vest i fjella, vil desse turane heilt sikkert gå etter programmet,  så sant ikkje vergudane slår seg vrange. Underskrivne er  initiativtakar og ein av turleiarane på begge desse turane.

Den tradisjonsrike Gaustadagen, den tolvte i rekka, er i år flytt fram i tid, og blir i kombinasjon med sesongopninga på turisthyttene, som Gaustatoppen turisthytte vil ha laurdag den 23. juni, på sjølvaste Sankt Hans – aftan. Da er det ljost heile døgnet på Gaustatoppen, og sola er bakom fjella i nord nokre få timar før ho på ny tittar fram i nordaust på Sankt Hans – dagen.

- Vi kjem tilbake med meir informasjon om Gaustadagen når programmet er heilt klart.



Jon Ingebretsen

turkoordinator – turleiar

DNT Telemark

Foto: Mikel Gonsholt

Skrevet av Henriette Hack 10. april 2018