Påskeskitur med DNT Ung Gautefall

Foto: Gunn Marit Sand Hagen

Laurdag 24. mars kl. 10 møtte 9 ungdommar og tre vaksne opp ved Brosdal i Tørdal for å ta turen til Skardsfjell, som ligg 805 moh.

Tekst: Gro Hagen

Me gjekk på beina dei første, bratte bakkane opp frå Brosdal. På toppen  tok me på skia og gjekk innover  heia i lettkuppert terreng.

Me smurde skia med litt forskjellig, men fann ut at raud var den beste smøringa. Det var veldig blaut snø, så føret var ikkje det beste, men me hadde skuterspor å gå i heile vegen, så det var ikkje noko problem.

Då me nesten var framme, satt me frå oss sekkane, og nokon frå seg skia, og så gjekk me vidare til toppen. På toppen nøyt me utsikten og tok oss litt nøtter og kvikk lunsj.

Det blei fort kaldt, så me rann/gjekk ned til sekkane. Der laga me benkar i snø med  sitteunderlag av granbar og fyra bål. Me grilla pølser, koka vatn, drakk kakao og kosa oss i sola som var med oss nesten heile dagen. Etterpå rann me på kryss og tvers nedover løypa, med ein del knall og fall.

Alle kom seg like heile ned igjen og me var einige i at det hadde vore ein kjempefin tur.