Kulturpris tildelt
æresmedlem i DNT Telemark

Jon Ingebretsen avbilda på Telemarks tak.
Jon Ingebretsen avbilda på Telemarks tak. Foto: www.huldraogeg.no

DNT-æresmedlem, Jon Ingebretsen, har blitt tildelt Kviteseid Kommunes kulturpris. Vi gratulerer så mye med vel fortjent pris! Her kan du lese hans egne takkeord:

Tekst: Jon Ingebretsen

Det er spennande med overraskingar og alltid hyggeleg når det ein gjer blir satt pris på av enkelte.

Drivkrafta på idealistisk og friviljug grunnlag er samfunnsengasjementet og at det ein arbeider for kan vera til nytte og glede for andre. Derfor stor takk til dei som meinte eg hadde gjort meg fortjent til denne prisen, og der eg deler æra med alle dei som har stått og framleis stend saman med meg i dette arbeidet. Den tradisjonsrike Gaustadagen og 17. maifeiringa på Gaustatoppen har me hatt gleda av å få i stand. Det same gjeld Vrådalsdagen og stiftinga av Kviteseid turlag. I enden av åtte bokutgjevingar gjennom åra, kjem nå prosjektet «På tur i heile Telemark» ut i bokform i haust med tips til turar i alle telemarkskommunane, såkalla «kommuneturar». Som turleiar og æresmedlem i DNT Telemark, har eg hatt gleda og nytta av å bli kjent rundt om i Telemarks mangfaldige og vakre natur, og i serleg grad i Vest-Telemark. Turar i skog og mark og annan aktivisering og kontakt med flyktningar ved akuttmottaka i Morgedal og Vrådal, lærde meg kor viktig det er å vera solidarisk med alle menneske, og sjå korleis dei set pris på dette. Lokalt var «Turmål i Vrådal» og istandsetjing av den tidlegare ferdselsåra «Gamleveg» over Heia interessante prosjekt. Det politiske «prosjektet» med stiftinga av MDG i Vest-Telemark i samarbeid med fylkeslaget var også viktig både for meg og andre. Likevel er eldsjelsamlinga på Slottet og nå kulturprisen det eg set mest pris på og er takksam for, og noko som gjev motivasjon til å halde fram vidare med tiltak av ulike slag så lenge ein har krefter og helse til det. Spesielt hyggeleg er det at me får kulturprisen saman kona mi, Brit, og eg. Ho har lagt ned mykje friviljug arbeid på idealistisk grunnlag innan mange område gjennom åra, mellom anna humanitært, sosialt og innan helsefremjande område.

Eg er glad for at ho kunne vera til stades på bygdetunet å ta i mot prisen på vegne av oss begge, når eg var på tur langt inni Morgedalsheiane for å finne att dei dyre brillene mine som eg mista dagen før. Og med mykje flaks fann eg dei til slutt innved Storegrønut, men skulle gjerne ha vore på bygdetunet denne dagen. Same greia var det for to år sidan da eg fekk Smørbukkprisen, og Brit måtte steppe inn å ta i mot også den. Den gongen var eg på invitert og planlagt tur på Hardangervidda.

«Hei. Måtte mot Storegrønut i dag på leiting etter dyre briller som eg mista i går», var SMS-beskjeden til ordførar Tarjei Gjelstad. Og svaret kom: «Slikt kan skje når ein prøvar å få til ei overrasking. Gratulerer med ein velfortjent pris». Ny melding frå meg: «Mange takk for det. Eg var langt inni heiane da eg fekk eit mistenkeleg hint på telefonen, så langt inn mot Storegrønut at eg ikkje ville rekke pristildelinga».

Jon har vært pådriver for mange viktige arrangementer, blant dem er den årlige Gaustadagen.
Jon har vært pådriver for mange viktige arrangementer, blant dem er den årlige Gaustadagen. Foto: Gro Knutsen

Skrevet av Katrine Tellsgård 4. september 2019