Ny turbok på vei

Jon Ingebretsen på en av mange turer.
Jon Ingebretsen på en av mange turer. Foto: Halvor Brekke

Æresmedlem i DNT Telemark, Jon Ingebretsen, har vært turleder i mange år. Nå kommer snart hans nye bok med de beste kommuneturene i Telemark. Les hans tanker her:

Tekst: Jon Ingebretsen

I desse dagar skulle ei ny turbok for heile Telemark etter planen kome frå trykking og innbinding i Danmark, med planlagt lansering og slepp ved DNT Telemark si lokallagssamling i Vrådal den siste helga i mars.

Denne samlinga er som kjent avlyst grunna smittefaren frå koronaviruset, og boka har latt vente på seg slik situasjonen er nå. Men når boka endeleg kjem vil ho bli å få tak i i bokhandlar rundt om i Telemark, også i DNT Telemark sitt tursenter, når dei igjen held ope (midlertidig stengt i første omgang til 1. mai).

Alle som på ulike måtar har hjelpt til i arbeidet med boka få eitt eksemplar kvar.

I uvissa om korleis påska og sommarens tursesong blir, kan ein i alle fall lese om mange fine turar i alle Telemark sine kommunar frå fjord til fjell. Ein kan lese litt om kommunanes serpreg og landskapsmangfald, bli med til høgaste fjellet eller toppen i kvar kommune, og i tillegg til andre flotte turområde i Kommune-Telemark.

Tittelen på boka er naturleg nok «På tur i Telemark – frå Jomfruland til Gaustatoppen», og forfattar er underskrivne.