Kom deg ut-dagen i Seljord

Det var 30 personer som kom seg ut på tur til Ballongfararsteinen i Seljord sundag 6. september.

 Turbo hadde fått seg luftballong og mustasje for anledningen, og fekk seg ein fin "luftetur" saman med turfolket oppover stien til Ballongfararsteinen. Oppe ved steinen fortalte Hans Strand historia om då to franskmenn i luftballong havna på Lifjell! Etterpå var det konkurranse med Tur-tipp, servering av baguetter og ost, og premieutdeling. Ungane var høgt og lavt, og det var mange fine tre å klatre i. Fleire plukka blåbær i spann, og nokon i baguett! Tusen takk til alle som blei med på tur, og ein ekstra takk til forteljaren Hans Strand! 

Skrevet av Hanne Findal 7. september 2015