Sommerskiturer på Haukelifjell

Foto: Thor Christansen

Første helg i juni kan du bli med på tradisjonsrike sommerskiturer på Haukelifjell!

Tradisjonsrike sommarskiturar på Haukelifjell

Fyrste junihelg med kontrastrike opplevingar.

Frå blømande og sommarlege låglands-Telemark til relativt snørike Haukelifjell, med rikeleg og godt  vår- og sommarskiføre, solvarme berg og blømande lyngrabbar. Og lengre inne fasinerande snøkatedralar, islagte vatn og lasurblå og grøne vasspyttar oppå vindpakka snø under bratte, mørke og solvarme bergveggar.

Dette og meire til kan ein få med seg på årets sommarskiturar på Haukelifjell, melder turansvarleg i Kviteseid turlag i DNT Telemark, Jon Ingebretsen.

Dei tradisjonsrike sommarskiturane  i år er  laurdag 6. og sundag 7. juni.   Frammøte er ved Haukeliseter fjellstue kl. 09.00 om morgonen begge dagar. Eventuelt kan ein møte opp på same stad fredag kveld for å få litt informasjon om turplanane. Deltakarane førehandsbestiller sjølve opphald med mat og overnatting, t.d. på Haukeliseter, om det er behov for det. Vær tidleg ute pga stor pågang på fjellstua på denne tida. Me følgjer dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar mot korona  for fellesturar, mellom anna med ei grense på 18 deltakarar og god avstand ved imformasjons- og rastepauser.  Klassikerturen til Hardangerviddas høgaste topp, Sandfloeggi, eventuelt om Nupsfonn og Nupseggi, eller ein kortare tur til Veslenup  kan vera aktuelle turar på laurdagen. På sundag vil fjellområda  Sveigen eller Stavsnuten  opp frå Dyrskar eller ny tur til  Veslenup frå Ulevå vera aktuelle alternativ. Turane må tilpassast vær- og snøforholda, og deltakaranes føresetnader, og kan måtte endrast.   Desse områda er relativt konfliktfrie i forhold til villreinen på denne tida, m.a. fordi simlene er på kalvingsplassane andre stader på vidda. Sjølvsagt kan små bukkeflokkar halde seg i området, men me har råka på reinsbukkar bare ein gong i alle dei åra vi har hatt turar her. Insektplagene har ikkje byrja så tidleg, og det er helst seinare på gloheite sommardagar at reinsdyra trekker inn i desse snørike og kjølegare traktene.

Det er mer snø enn normalt i fjellet på denne tiden så det lover veldig bra for mange flotte turer! Påmeldingen er bindende.

Påmelding på nett innan onsdag 3. juni. 
Annan info Jon Ingebretsen tlf 481 01 435       e-post: jo-i@online.no


Tekst: Jon Ingebretsen

Skrevet av Jenny Flobak 25. mai 2020