Med Kviteseid Turlag i urørt og vill natur.

Kviteseid turlag sin tur sist sundag gjekk til dei bratte berghamrane som formeleg heng over Bandak langt nedunder. Dette er nord for Ljosvatn på Sinnesheii i Vrådal.

Refr. Jon Ingebretsen

Turen til den høgste av desse hamrane, utsiktspunktet Kassen, gjekk i slakt og lettgått terreng, men på nordsida av desse fjellformasjonane er det loddrette stup ned i mektig grovsteinur, og skogbotn med fullt av sprekkar gøymde under mose og lyng. «Kremen» på turen var likevel ekspedisjonen ned gjennom brattlende og ur til den karakteristiske berghamaren St Olavs Skip, som kneisar som eit digert blokkforma utspring i den stupbratte lia ned mot Bandak. Dette er verkeleg vill og vakker urørt natur som er verdt å oppleve, noko som vekte begreisting hjå deltakarane.  

Magne Skarprud losa nokre av turfolket trygt ned til «Skipet» og oppatt, medan Jon Ingebretsen, som den andre turleiaren, viste dei andre veg tilbake til parkeringa ved Ljosvatn. Sjølv tok han turen heimatt til Vrådal over Roholtsfjell, Skurven og Stråkarberget.

Alle dei 16 deltakarane var svært nøgde med turen, som gjekk i nytt og ukjent terreng for mange av dei, og turlaget er takksame for at ein kunne nytte den svært fine skogsbilvegen frå Sinnes og innetter heia.

 

Sankt Olavs Skip midt i bildet kneisende over Bandak.
​​​​​​​Foto: Jon Ingebretsen